Heei igjen.
Ja, no e det 2 veke til heimreise, å vi he fått knota ned heile 3 blogginnlegg på 3 mnd. Imponerande :p eller ikkje.. Må berre beklage den elendige oppdateringa ta bloggen. Blogging e tydeligvis ikkje tingen for oss, og vi he rett og slett gløymt ta den. Alt for masse anna gøy å finne på på bali :p
MEN når vi først e i gong kan no vi seie litt om ka vi he styrt med dei siste to mnd her på Bali. Ex.fac examen e vel overstått og det gjekk rimelig bra med oss begge to. Vi he hatt ei veke ferie, og då tilbrakte vi 4 dagar på Gili Trawangan. Ei lita paradisøy utanfor Lombok. Heilt utrulig nydelig der!! Vi brukte dagane på snorkling, sykkeltur å strandliv. Gili e vel så nært paradis som det går and å kome i vore auge! Der var hverken bilar eller mopedar. Kun hest og kjerre-taxi og sykkelutleige. Men må ikkje tru vi slapp unda tuting og trafikk av den grunn. Fartsdumpa var det mange av for hestetaxiane, og det var nødvendig for å sei det slik!! Tuta gjorde dei også. Utrulig vitti! :D
Vi he også vore på vulkantur på vulkanen Batur. Då starta vi å gå 0400 om natta og var oppe før soloppgong så vi såg den fra toppen på påskeafta. :-) Kjempefin tur!
Ellest går dagane som vanlig på Ananda Resort. Vi e godt i gong med ex.phil, og om to daga e det eksamen. Platon, Aristoteles, Kant og Fried surra rundt i hovude no om dagane, mens vi lengta etter ferien som begynde fredag etter eksamen! Da blir det 10 dagar med bading og morro, før vi rettar nasa nordover igjen 4.mai.
So då sjåast vi!! :-)
tirsdag 21. april 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar